This month

Verda og vi: Hans-Wilhelm Steinfeld

Trivselshagen, Firdavegen 21, Sandane, Norway

Hatet i Europa er tittelen på Steinfeld sitt foredrag i serien Verda og vi. Hans-Wilhelm Steinfeld har studerte historie, russisk og samfunnskunnskap. Under hovudfagsstudiet hadde han mellom anna eit lengre opphald i Nord-Kaukasus der han for første gong møtte Mikhail Gorbatsjov. Steinfeld var tilsett i NRK frå 1976 til 2014. Spesialfeltet hans er Russland, han var utanrikskorrespondent i Moskva i 18 år, og han har også vore korrespondent på Balkan. Gjennom Steinfelds radio- og fjernsynsreportasjar fekk det norske folk eit betre innsyn i Sovjetunionen enn nokon gong før. Det var S...






january 2018

Verda og vi: Tomm Kristiansen

Trivselshagen, Firdavegen 21, Sandane, Norway

Tomm Kristiansen er journalist og forfattar. Han er særleg kjend som utanrikskorrespondent i NRK. I to periodar har han vore NRK sin korrespondent i Afrika, og mange kjenner han som «stemmen fra Afrika». I periodar har han reist som NRK sin «verdsreportar».Han har utgitt mange bøker og fekk gjennombrotet sitt med bestseljaren Mor Afrika. Fleire av bøkene hans har fått svært gode kritikkar. I 1994 vart han tildelt Den store journalistprisen. Frå 2008 til 2010 var han kommunikasjonsrådgivar for Act Alliance i Geneve som koordinerer arbeidet til dei kyrkjelege naudhjelpsorganisasjonane...






february 2018

Riksteateret: Folk og røvere i Kardemommeby

Trivselshagen, Firdavegen 21, Sandane, Norway

Det blir fest i Kardemomme by. Og du er invitert! I Kardemomme by bur gamle Tobias, pølsemakaren, trikkefører Syversen og barberer Sørensen. Tommy og tante Sofie og vesle Kamomilla. Og politimester Bastian som aldri har lyst til å arrestere nokon. Rett utanfor byen bur det tre røvarar som heiter Kasper, Jesper og Jonatan. Dei har også lyst til å være med. Har du hugsa å vaske øyrene dine? Då kan du trygt ta med deg barna på Riksteatret si oppsetting av Folk og røvere i Kardemomme by - ei teaterforestilling full av energi, humor, dans og masse musikk. Du vil møte ei frekk papeg...




Verda og vi: Erik Tandberg

Trivselshagen, Firdavegen 21, Sandane, Norway

Veien til Mars. Erik Tandberg er utdanna sivilingeniør. Han er først og fremst kjend som romfartsekspert med stor kunnskap om alle romfartøy som vert skotne opp, kva oppgåver dei har og kva dei gir oss av ny viten om universet. Erik Tandberg vart landskjend då han kommenterte månelandinga til Apollo 11 på NRK i 1969. Seinare var han i ei årrekkje NRK sin faste bidragsytar og kommentator når romfart var tema. Han er kjend som ein kunnskapsrik og entusiastisk formidlar og har fått NRK sin lyttarpris. Tandberg er no pensjonist, men er framleis nytta som foredragshaldar der temaet er ...






march 2018

Terje Sporsem - Religion

Trivselshagen, Firdavegen 21, Sandane, Norway

Gjer deg klar til eit av årets morsomaste og mest omtalte standup-show! Terje Sporsem si nye forestilling «Religion» har allereie begeistra både kritikarar og publikum over heile landet. Med sin avvæpnande og morosame stil på scenen får han både dei med ei tru, og de som ikkje trur, til å le - både av seg sjølv og ikkje minst av dei merkelige hendingane som ligg bak dei fleste religionar. Kva fikk ein gjeng trøndere til å konvertere til islam og reise til Syria for å kjempe med IS? Kvifor protesterte ingen då Abraham ville omskjære alle? Bør ein egentlig leve etter Dalai La...




Verda og vi: Nina Grunfeld

Trivselshagen, Firdavegen 21, Sandane, Norway

"Ninas barn" Filmskapar og forfattar Nina Grünfeld tek utgangspunkt i filmen og boka «Ninas barn». Ho vil fortelje om dei jødiske barna som kom frå Austerrike og Tsjekkoslovakia til Noreg på slutten av 1930-talet som norgeshistorias første politiske barneflyktningar. Grünfeld vil i foredraget vise klipp frå filmen, lese frå boka og trekke liner fram til i dag ved også å fortelje om korleis barnas liv blei etter krigen. Nina Grünfeld (f. 1966 i Oslo) har laga fleire TV-dokumentarar der ho tek opp spørsmålet om kva krigen har betydd for det jødiske enkeltindividet.




Adam Douglas med band

Trivselshagen, Firdavegen 21, Sandane, Norway

Adam Douglas - Multitalent i ekte soulforpakning! Med sin "nice guy"-fremtoning, hatten på hovudet, og gitaren lada har Adam Douglas spelt seg inn i hjarta til heile Norge på laurdagskveldane i haust. No kjem han til Trivselshagen med fullt band. Amerikaneren Adam Douglas har for lengst etablert seg i Norge som ein av dei aller beste soulstemmane det norske publikummet har sett. Med sin singer/songwriter-bakgrunn frå USA, har han spelt og samarbeida med mange internasjonale storleikar som Jon Bon Jovi, Larry Carlton, Robben Ford og Michael Landau. Også fleire norske artistar i toppsjikte...




Ekstrakonsert: Adam Douglas med band

Trivselshagen, Firdavegen 21, Sandane, Norway

Adam Douglas - Multitalent i ekte soulforpakning! Med sin "nice guy"-fremtoning, hatten på hovudet, og gitaren lada har Adam Douglas spelt seg inn i hjarta til heile Norge på laurdagskveldane i haust. No kjem han til Trivselshagen med fullt band. Amerikaneren Adam Douglas har for lengst etablert seg i Norge som ein av dei aller beste soulstemmane det norske publikummet har sett. Med sin singer/songwriter-bakgrunn frå USA, har han spelt og samarbeida med mange internasjonale storleikar som Jon Bon Jovi, Larry Carlton, Robben Ford og Michael Landau. Også fleire norske artistar i toppsjikte...






septemper 2018

Verda og vi: Hege Moe Eriksen

Trivselshagen, Firdavegen 21, Sandane, Norway

Nytt foredrag i serien Verda og Vi Hege Moe Eriksen er utanriksjournalist i NRK, og har sidan 2014 vore programleiar i NRK Urix. Ho budde i Jakobsnes i Finnmark, eit par kilometer frå den norsk-sovjetiske grensa, til ho var 11 år, flytte til Frankrike som 16-åring og gjennomførte vidaregåande skule i Lyon. Deretter budde ho to år i Spania. Moe Eriksen har studert spansk og fransk, i tillegg tok ho arabiske studium ved Birzeit-universitetet i Ramallah. Frå 2010 til 2013 var ho NRK sin korrespondent i Brussel, med ansvar for å dekke EU, NATO og store delar av Vest-Europa.






october 2018

Verda og vi: Henrik Syse

Trivselshagen, Firdavegen 21, Sandane, Norway

Etiske verdier i en verden i rask forandring Henrik Syse er utdanna filosof. Han er seniorforskar ved Institutt for fredsforsking (PRIO) og professor ved Bjørknes Høyskole. Fagleg har Syse arbeidd med politisk filosofi, rettsfilosofi og moralfilosofi, og han har gitt ut ei rad bøker både om desse og andre tema. I 2015 vart han vald som medlem av Nobelkomiteen. Han var medlem av Verdikommisjonens sekretariat 1998 – 2001 og medlem av Pressens faglige utval (PFU) som representant for allmennheita 2002 – 2016. Syse er og aktiv i kyrkjeleg samanheng som søndagsskulelærar, andaktshaldar o...






november 2018

Verda og vi: Harald Nygård og Anders Giæver

Trivselshagen, Firdavegen 21, Sandane, Norway

Med utgangspunkt i rettsteikningane vil Anders Giæver samtale med Harald Nygård om tida hans som teiknar i VG. Nygård har portrettert landets farlegaste kriminelle, formidla stemninga i retten og teikna scener frå grufulle brotsverk. Samtalen vil gje lyttarane eit innblikk i nyare norsk kriminalhistorie. Publikum får møte menneske som har blir utsette for store påkjenningar; tiltalte, offer, vitne, juristar og pårørande - og gje innsyn i kva som føregår i ein rettssal, sett frå første benk. Harald Nygård er utdanna litograf og studerte ved Kunsthåndverksskolen i Bergen. Frå ...




"All your favourites events, in a few clicks"